Haugeinstituttet

English
Norsk
 

Hans Nielsen Hauge


Hans Nielsen Hauge vart fødd 3. april 1771 på garden Hauge i Tune prestegjeld i Østfold. Han døydde 29. mars 1824 på garden Bredtvedt i Aker utanfor Oslo. Livet hans fell saman med ein tidsepoke i Noreg som var full av liding, krig, naud og store endringar – ein tilstand som og samsvarar med hans eige livsløp. Han var fødd inn som ein person med låg status i det dansk-norske monarkiet, og døydde som ein respektert person i mellomklassen i eit nytt Noreg. Tilhengarane hans, kalla haugianarar, var flinke bønder, handverkarar og kjøpmenn som kom til å spele ei viktig rolle i oppbygginga av det norske samfunnet etter 1814.
 


Kontakt

Haugeinstituttet
Lillemarkens Skippergata 4
4611 Kristiansand
Telefon 976 93 995

Kontonr: 1604 13 45504

 


© 2010 Haugeinstitute.org                                Webredaktør:
Levert av Netlab | Oppdateres med eRedaktør