Sigbjørn Ravnåsen til minne, ved Birger Risnes, Haugekomiteen
Ei fullsett Voie kirke i Vågsbygd var 17. august 2016 fylt av sørgjande vener av Sigbjørn Ravnåsen då dei følgde han til siste kvila.
Vi minnest Sigbjørn som lærar og rektor i Sauherad i ei årrekkje og som aktiv politikar for Kristeleg Folkeparti m.a. som stortingsrepresentant og aktiv i kulturpolitikken lokalt og regionalt. Han hadde ei djup gudstru og var berar av verdiar som er viktige for landet vårt. Han var ei inspirasjonskjelde og hadde visjonar med gjennomføringskraft i seg. Saman med den like entusiastiske kona Signe har dei drive eit skapande kulturarbeid i mange år med vekt på arven etter Hans Nielsen Hauge. Dette arbeidet har vore drive gjennom Haugekomiteen og meir konkret gjennom Haugeinstituttet som har hatt kontor i Kristiansand etter at Sigbjørn og Signe flytta dit. Dei har og vore aktive i dei mange Hauge-spela dei har fått i stand, der dei har spelt glimt frå livet til Hans Nielsen Hauge kringom i landet. Sigbjørn har og hatt syn for arbeidet med Hauges idear i utlandet når det gjeld misjonsarbeid og å få folk i arbeid. Såleis har han i samarbeid med andre gode krefter arbeidd med å få til aktivitet og misjonsarbeid i slummen i Nairobi i Kenya. Folk som arbeider for ideane hans om gudstru og om materielt betre tilhøve har såleis gått rundt med genserar der det står: “We follow Jesus and the example of Hauge”.
Boka hans om Hauge med tittelen” Med hånd og ånd”, som vart resultat av eit forskingsarbeid i samarbeid med Telemarksforsking, Notodden, fortel om det tosiktige aspektet i Hauges evangeliske livssyn og folkelege samfunnsengasjement: frelsa og nåden i Jesus Kristus og etablering av arbeidsplassar for dei trengande i landet. Hans rolle som folkeoppsedar religiøst og allmennmenneskeleg sett når det gjeld den politiske utviklinga i landet vårt, er eit grunnleggjande element i soga når det gjeld utviklinga av nasjonen Noreg fram mot ein moderne nasjonalstat.
Haugekomiteen vart inspirert av Sigbjørns entusiasme og iver i å få fram det tosidige ved Hauges virke i det norske samfunnet tidleg på 1800-talet: hans evangeliesprega religiøse syn som hadde slik appell til folk flest og hans omsut for å skape arbeidsplassar i eit fattig land som Noreg var på hans tid. Vi står alle fattige tilbake etter at ein bauta som Sigbjørn er borte og vil lyse Guds fred over hans gode minne.
For Haugekomiteen
ved Birger Risnes, sekretær