Haugeinstituttet

Forfatter Edvard Hoem trakk fram Hauges betydning av lutherdommen under årets kirkemøtet

Forfatter Edvard Hoem trekker fram Hans Nielsen Hauges betydning av lutherdommen og den norske kirke i sitt innlegg under årets kirkemøte i Kristiansand. Dei kyrkjelege overgrepa toppa seg i angiveriet som Hans Nielsen Hauge vart utsett for, sa han. Du kan lese utdrag av foredraget her.


 

Utdrag av foredraget til forfatter Edvard Hoem:

- Så kom lutherdommen med opprydding i teologiske villfaringar og avlatshandel, før heksebrenninga sette inn, og hemnens sverd med kyrkjeleg velsigning igjen svinga over store og små lovbrytarar, barnemordersker, tjuvar og kjeltringar. Og slik vingla kyrkja avgarde, med si hundreårige blandingsbør av djup gudsfrykt og brutale overgrep. Det er vår kyrkjes historie, og vi kjem ikkje unna den. Dei kyrkjelege overgrepa toppa seg i angiveriet som Hans Nielsen Hauge vart utsett for og det ynkelege samarbeidet mellom delar av det norske presteskapet og politiet, som slo ned ei rettferdig og kristeleg inspirert arbeidarrørsle og dømde leiarane til lange fengselsstraffer. Det er kome for lite fram at i den store flokken som reiste over havet til Amerika, var det ei rekke thranittar og haugianarar, som ville koma seg unna politisk og religiøs trakassering. Dette er ein mørk kyrkjeleg arv som ein burde granske og kanskje be om tilgiving for. Samtidig levde den haugianske folkerørsla som ei sterk åndsmakt i mange lokalsamfunn i det 19. og langt inn i det 20. hundreåret. Det skjedde eit frambrot for ein ny religiøs individualisme, der personleg fromheit og gudsfrykt kom i sentrum. Haugianismen var samtidig ei sosial reformrørsle, der arbeidet for timeleg velferd gjekk hand i hand med det åndelege. Saltutvinning og sagbruksdrift høyrde med saman med forkynninga, og den personlege vedkjenninga stod ikkje i vegen for arbeidet for materiell framgang og velferd. Haugianismen var eit opprør mot den hierarkiske samfunnsordenen i eit embetsmannsstyrt samfunn, der Gud var øverst, kongen under han og presten Guds og kongens tenar som skulle vise dei umyndige og uforstandige soknebarna vegen til den rette trua. Med Hauges vekking var det opna ein direkte veg til Gud og det guddommelege. Vedkjenninga vart ei personleg sak, ei sak mellom enkeltmennesket og Gud. I dei haugianske forsamlingane, på Hauges tid var det ingen som meinte at kvinnene skulle teia i forsamlinga. Den patriarkalske og autoritære tankemåten kom inn i dei kristne lekmannsforsamlingane igjen da delar av presteskapet etter kvart tok over leiinga for organisasjonane. I kampen mot det som vart kalla den moderne vantrua fann det pietistiske lekfolket og den ortodokse embetstradisjonen eit felles grunnlag. Derfor tok det enda hundre år før den norske kyrkja kunne vigsle den første kvinnelege biskopen. Dette er det brokete religiøse landskapet som er vårt. Vi som lever no, kan ikkje legge bak oss at den norske kyrkja har ei slik historie, på godt og vondt. Den kristne tradisjonen i Norge, med alle feilgrep og mistak, er likevel så sterk at eit stort fleirtal av dei som lever no, gjerne vil halde på sitt kyrkjemedlemskap.

Les hele foredraget til Hoem her:

Ei vedkjennande folkekyrkje. Å vedkjenne si tru - og å vedkjenne seg sitt oppdrag.
Edvard Hoem, forfatta