Haugeinstituttet

Haugespelet i tekst og bilder


Spilletid: 1 1/2 t

Skuespillere: 10 faste aktører og 10 lokale
Manusforfatter og hovedrolleinnhaver er Sigbjørn Ravnåsen.

 

Her presenteres et utdrag av Haugespelet i tekst og bilder:

Forkynnaren Hauge

For 200 år sidan vandra det ein ung bondeson rundt omkring i heile Norge. Han strikka medan han gjekk for å bruke tida til noko fornuftig. Strømper og vantar gav han til fattige, som ellers hadde lite å greie seg med. Mannen var Hans Nielsen Hauge.
På sine vandringar heldt han oppbyggelser på gardane, han motiverte bøndene til å setje pengar inn i verksemder som gav folk arbeid, han var den mestproduserande forfattar på den tida, han var handelsborgar av Bergen i tre år, var skipsreiar og åtte fleire skuter som trafikkerte langs heile Norske-kysten.
Mannen hadde fått eit kall av Gud til å vere tenar, hjelpe folk i åndelege og praktiske spørsmål. Om dette tenesteoppdraget seier han at: ”Mitt Kaldsbrev er å elske Gud og min Næste”

H.N.Hauge i samtale med gardsfolk på ein av sine mange vandringar i Telemark. Fra Haugespelet på Evju Bygdetun 2002. 

Rådgjevaren Hauge

Tradisjonen fortel at Hauge kom tidleg hausten 1802 til Sauland der han heldt oppbyggels på stabburstrappa på garden Krosshus. Derfrå vandra han vidare til Gransherad og langsetter gamlevegen opp mot Tinnoset. På denne ferda vitja han garden Nisi der han tala til mange frammøtte.

Hauge snakkar med bøndene om å få laga ein ny plogtype, ein vendeplog.

Denne merkelege predikanten hadde  ein uvanleg praktisk innsikt og viste stor handlingskraft.
Ein overlevert tradisjon frå Sauland i Telemark seier at det var Hauge som først kom på å konstruere ein bakkevendeplog for hest. Oppfinninga fekk stor betydning for jordbruket over heile landet, særleg  på dei gardane som hadde brattlendte jorder.

Papirfabrikken på Fennefoss

Seinhaustes 1803 tok Hans Nielsen Hauge farvel med foreldra sine og drog ut på ei lang reise. Han kom først til Skien, deretter sette Hauge kursen vestover over heiane mot Setesdal og kom så ned til Bygland. Det var messesøndag og den trufaste kyrkjegjengaren gjekk til kyrkja som han alltid gjorde. Etter gudstenesta heldt Hauge samling i stova på Åkhus.

Tradisjonane seier at stovene var sprengfulle av folk som ville høyre  den namngjetne predikanten, og fleire av dei følgde han vidare utetter Otradalføret gjennom Senum til Hornes. Der fekk Hauge sjå den vakre Fennefossen, som kasta seg i vrivlande stryk over blankskura fjell. Han skjøna snart at denne fossekrafta  måtte utnyttast til industriverksemd. Men Hauge undra seg over kven som kunne ta seg av dette.

Fennefossen slik den er i dag.

Haugianarkvinna Sara Oust

Ei kongeleg forordning av 1741 forbaud lekfolk å forkynne. Det skulle bare prestane gjere.  Hauge meinte at i følgje Guds Ord kunne også lekfolk forkynne. Ille var det at han gjorde dette, verre var det at han motiverte unge oppvakte kvinner til det same. Den meste kjende i Telemark heitte Kari Heisholt frå Ulefoss. Ei anna var Sara Oust frå fjellbygda Vingelen i Nord-Østerdalen. Sara var i 20 årsalderen. Ho hadde høyrt om Hauge og hans forkynning. Ho var lesekyndig og var veldig opptatt av Hauges bøker og skrifter. Dette greip henne sterkt, og ho fekk kall til sjøl å forkynne, først i si eiga bygd, seinare også i bygdelaga i heile øvre del av Østerdalen.
Etter kvart utvikla det seg ein viss skepsis blant dei haugianske vennene, særleg blant eldre mannfolk, over at denne unge kvinna fòr frå bygd til bygd og forkynte Guds Ord.

Haugianerkvinna Sara Oust, her repr. ved Sigrid Haukvik.

Den lettsindige

Hans Nielsen Hauge hadde fleire reiser gjennom Hallingdal. I året 1801 vart han arrestert. Etter ei natt i lensmannsarresten på Ål vakna Hauge til ny dag, ein dag i uvissa over kva som ville hende.  Ut over dagen kom mange av vennene hans for å tale med han, men bare nokre få fekk snakke med Hauge.
Lensmannen hadde derimot bestemt seg for å ha moro med arrestanten sin på forskjellige måtar. Han hadde  fått tak i ei lettsindig ungjente, som han ville føre inn til Hauge for å freiste  han. Jenta kjem hoppande og springande bort mot den staden Hauge er og kryp inn til han.

Ei lettsindig ungjente prøver å lokke Hauge, spilt av Sigrid Haukvik. Fra Haugespelet på Dvergsnestangen, Kristiansand 2012.

Hauge som Kirsten Giftekniv

Det finst mange lokalhistoriske tradisjonar som fortel om korleis Hauge ordna opp i giftemål. På reisene sine såg han både her og der karar som gjekk aleine og stulla på gardane, og så visste han om likandes jenter andre stader som han meinte kunne passe  svært så godt. Og då kunne han oppmode karar til å ta seg ein tur for å ta seg ein prat med jenta. Tradisjonane seier at mange av desse koplingane som Hauge stod bak, vart vellykka ekteskap.

Hauge som Kirsten Giftekniv i samtale med Lucine Nesterud, spilt av Sigrun Tjønn. Fra Kråkevika Amfi 2009.

I Kristiansand budde ein velståande kjøpmann, Hans Thoresen Bakkerud. Han var ein nær ven av Hans Nielsen Hauge. I 1803 fekk Hauge Bakkerud til å kjøpe byens einaste trykkeri. Men Bakkerud miste kona si i 1807, og visste ikkje si arme råd korleis han skulle greie seg aleine med alt stellet heime og med den omfattande forretnings-verksemda. Bakkerud vurderte beint fram å selje både trykkeri og forretning.
Hauge sender bud etter Lucine Nesterud for å snakke med henne om ho kunne tenkje seg å flytte til Kristiansand og gifte seg med Hans Bakkerud. Lucine, som bare er rundt 20 år, høyrer med til haugevenene i byen og har tidlegare fleire gonger møtt Hauge. Ein dag kort tid etter Bakkerudbesøket  dukkar Lucine opp  på Bakkehaugen og lurar svært på kva nå Hauge vil snakke med henne om.

Epilog

Hans Nielsen Hauge vart arrestert hausten 1804 av lensmann Gram i Eiker medan han var på Eiker papirmølle. Lensmannen køyrde han til arresten i Hokksund der han sat i to veker før han blei ført i jarn til Oslo. Dette var starten på 10 år bak lås og slå, ein peridoe som knekte Hauge helesmessig. Over 500 hundre vitne frå heile landet blei kalla inn under rettssaka, men dei fleste vitneutsagna gjekk i same retning: Det var ingen ting å utsetje på bondesonen og lekpredikanten frå Tune. Men to brotsverk dømde dei han for. Det eine var brotet på Konvektikkelplakaten, og det andre var at han hadde fornærma prestane. For dette vart Hauge dømd til å betale ei bot på 1000 riksdalar. Vennene hans betalte dette fordi alt han åtte tidlegare vart tatt frå han av det offentlege då han blei fengsla.

Sigrid Haukvik som Sara Oust. Evju Bygdetun, Sauherad 2001.

Dei ti siste leveåra budde Hans Nielsen Hauge utanfor Oslo, først på garden Bakkehaugen og seinare på storgarden Bredtvedt. Her fekk han besøk av venner, men også av prestar, biskopar og stortingsmenn som ville tale med denne enkle, men klarsynte bondesonen. Han som gjennom si frie lekmannsrørsle lærde nordmenn til å tenkje og handle sjølvstendig, som braut ned embetsautoriteten, og la grunnlaget for bondereisinga og bondepolitikken – den største klassereising vi har hatt i Norge, ei klassereising  som bana veg for norsk demokrati og parlamentarisme. Mannen som på mange måtar var med på å leggje grunnlaget for det moderne Norge.  

Teatergruppa tatt på trappa til hovedbygningen på Fossesholm i Vestfossen der de fremførte Haugespelet  for siste gang i 2014.

Del denne siden: